Ill.foto: DIGIcal, iStockphoto
Fleire barn lev med kronisk sjukdom no enn tidlegare. Ill.foto: DIGIcal, iStockphoto

Barn med alvorleg eller kronisk sjukdom har to til tre gonger større risiko for å få psykiske og sosiale problem enn friske barn. Kunnskapssenteret skal sjå på effekt av psykologiske tiltak i primærhelsetenesta retta mot desse barna.

Stadig fleire barn og unge lever med ein kronisk sjukdom eller tilstand som verkar inn på dagleglivet i større eller mindre grad. Barn si evne til å innrette seg vil være ulik, men forsking viser at dei har to til tre gonger så stor risiko for å ha psykososiale problem enn friske barn. Det er og vist at barn med alvorleg kroppsleg sjukdom har høg risiko for å utvikle teikn på posttraumatiske stressforstyrring.

Lavterskel tilbud

Kunnskapssenteret vil sjå på forsking om effekten av psykologiske støtte- og behandlingstiltak som kan bli gitt i primærhelsetenesta. Dette omfattar definerte terapiformer som kognitiv atferdsterapi og korttids psykoterapi, meistring av stress og teknikkar for avspenning som autogen trening og hypnose, samtaleterapi og psykologisk rettleiing, undervising og rådgjeving samt støtte og miljøtiltak som støttekontakt og kunst- og uttrykksterapi.

Dei viktigaste utfallsmåla vil være psykiske symptom som angst, depresjon, sorg og stress i tillegg til livskvalitet og barna si evne til meistring og  psykososiale fungering.

Les mer her: Effekt av psykologiske tiltak med låg terskel for alvorleg sjuke barn

Disclaimer: Bildene i PsykNytt er illustrasjonsfoto.