Ill.foto: 1001nights, iStockphoto
Psykose kan manifestere seg som tap av språklege ferdigheiter. Ill.foto: 1001nights, iStockphoto

Psykiske liingar manifesterer seg ofte språkleg, gjerne i tap eller forstyrring av språkevne.

Forholdet mellom språk og psykiske liingar er eit stort problemfelt. Tilstandar som grensar mot psykose kan vera kjenneteikna ved kaotisk språkbruk, kombinert med eit samanbrot i verklighetsoppfatninga. Som Michel Foucault peikar på, kan språkvanskar og variantar av afasi også vera kombinert med vanskar med å orientera seg i verda. Lingvisten og filosofen Julia Kristeva observerer at depressive eller melankolske tilstandar gjerne manifesterer seg ved «den deprimertes diskurs: repetitiv og monoton». Vi skal ikkje gå vidare inn i dette spennande, men vide feltet, men berre konstatere at psykiske liingar ofte manifesterer seg språkleg, gjerne i tap eller forstyrring av språkevne. Skjønnlitterære forfattarar som har skrive om menneske i psykiske grensetilstandar, observerer også dette. Ting og ord glir frå kvarandre, og det kan også gå nokre lange sekund før dei finn saman, skriv Göran Tunström i skildringa av melankolikaren Aron Nordenstam. Det å mangla ord for ein indre tilstand, kan i seg sjølv framstå som ei liing, og det å finna det rette ordet som ei mental forløysing. Strevet med å «gje det namnlause namn», som lyrikaren Olav Aukrust omtaler, har også ei slik side. Å ha sterke indre opplevingar, om dei no blir fortolka som innsikt, visjonar, sjukdom eller forstyrring, og ikkje få gje dei uttrykk, er ein sjølvstendig risiko og ei påkjenning. Prosjektet var lagt fram for og godkjent av Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD).

Utval og metode

Vi som skriv denne artikkelen, har observert dette på to ulike arenaer. Nina Måseidvåg er spesialsjukepleiar i tverrfagleg psykisk helsearbeid med lang klinisk røynsle. Jan Inge Sørbø er litteraturforskar med kjennskap til litterære rapportar om grensetilstandar. I 2010–2011 gjennomførte Måseidvåg ein kvalitativ studie av kommunikasjonsvanskar hos tidlegare pasientar som hadde opplevd psykosetilstandar. Informantane var no friske og velfungerande, og fortalde om sine røynsler med helsevesenet i tidlegare sjukdomsperiodar. Dei hadde alle opplevd tilstandar med psykose, og dei hadde opplevd ulike former for splitting mellom det dei tenkte eller opplevde og det dei var i stand til å seia. Gjennom kvalitative intervju med seks informantar kom det fram nokre kjerneerfaringar på dette feltet, som vi trur kan ha interesse både for forståinga av denne gruppa, og for det som er viktig i møtet med dei.

Les hele artikkelen her: Tap av språk ved psykose (Sykepleien).