Ill.foto: duncan1890, iStockphoto
Tolking av symptomar har mye å si for diagnostikk. Ill.foto: duncan1890, iStockphoto

Betyr historisk og kulturell variasjon i psykiske lidingar at diagnosar er relative?

av Steinar Bøyum

Ein kan nærme seg fundamentale spørsmål om psykiske lidingar ved å reflektere over historisk og kulturell variasjon. Me treng ikkje reise langt tilbake eller langt bort for å finne slik variasjon. Dei siste tiåra har me til dømes sett ein auke i behandling av psykiske lidingar (Brofoss, Larsen og Friis, 2009). I møte med slik endring kan ein reagere ulikt. Nokre vil hevde at meir behandling speglar ein reell auke i førekomst: Det er rett og slett fleire med psykiske lidingar enn før (Torrey og Miller, 2001). Andre vil hevde at det er tilgangen på og søkinga etter behandling som har auka (Kessler et al., 2005). Men ingen av desse forklaringane stiller grunnleggjande spørsmål ved diagnosar. Dei føreset begge at me kan ha objektiv kunnskap om førekomsten av psykiske lidingar på ulike tidspunkt.

Det finst ein tredje reaksjon på historisk og kulturell variasjon, som trekkjer meir radikale konklusjonar. I dette perspektivet blir variasjon brukt til å understøtte eit relativistisk syn på psykiske lidingar (Fabrega, 1989). Essensen i dette synet er at slike lidingar er sosialt eller kulturelt konstruerte (Mallon, 2007): «Changing definitions and explanations of mental illness provide evidence for a cultural and social constructionist perspective» (Agbayani-Siewert et al., 1999, s. 20). Medan det reknast som eit objektivt faktum om ein person i ein annan kultur har kreft eller ikkje, uavhengig av korleis han sjølv eller samfunnet rundt han ser på saka, så er det ikkje eit objektivt faktum om den same personen har ei viss psykisk liding. Det kjem an på korleis kulturen han høyrer til, fortolkar tilstanden. Implikasjonen verkar å vere at det er uråd med epidemiologiske undersøkingar av psykiske lidingar på tvers av kulturar.

Les heile artikkelen her: Psykiske lidingar og kulturell variasjon (Tidsskrift for Norsk Psykologforening)