Musikkterapi har effekt. Ill.foto: SilviaJansen, istockphoto
Musikkterapi har effekt. Ill.foto: SilviaJansen, istockphoto

Trivsel, motivasjon, fridom, meining og håp. Sånne ting kjenner pasientar diagnostisert med psykose meir av når dei får musikkterapi.

Tekst Arne Olav Hageberg

MED UTGANGSPUNKT i sin eigen praksis som musikkterapeut ved ei lukka psykiatrisk avdeling på Lovisenberg Diakonale Sykehus i Oslo har Hans Petter Solli intervjua pasientar diagnostisert med psykose om deira erfaringar med musikkterapi. Pasientane kan fortelja om positive opplevingar som er sjeldne ikkje bare under sjukehusopphaldet, men også elles i livet.

Som dei fleste av oss opplever pasientar med psykosespekterlidingar musikken som ei frisone. Eller som ein av deltakarane i Solli sin studie sa det: «Jeg mener jeg alltid har merka at det er godt å være her. Det er fred, da. Det er fred i dette rommet. Det er ikke noe sykdom i dette rommet. Det er ikke noen negative ånder her, liksom. Det er fred.»

Dei innlagde er mykje på rommet sitt. Dei kan ikkje fritt gå ut av huset, dei er skjerma, og tidvis ligg nokon jamvel i belteseng. Gjennom musikkterapien opplever dei å få bruka heile seg.

Les hele artikkelen her: Improviserer vekk psykosesymptom (Tidsskrift for Norsk Psykologforening)