Ill.foto: Rockard, iStockphoto
Asle Makoto Sandvik si forsking viser at innsette i fengsel ikkje er ein eigen type menneske. Ill.foto: Rockard, iStockphoto

Psykopati er ikkje ein samlande kategori, konkluderer Asle M. Sandvik etter å ha intervjua 94 innsette i Bergen fengsel.

Tekst Arne Olav L. Hageberg

Psykopatiomgrepet gir lite meining når ein forskar på det som einskapleg diagnose. Det overraska meg kor klart dette blei da eg gjekk inn i det, seier psykologen etter eitt år saman med folk dømde for alt frå vinningskriminalitet og sedskapsbrot til vald og narkotika. Asle Makoto Sandvik sin doktorgrad handlar om samanhengen mellom ulike personlegdomstrekk og kriminell åtferd.

Arbeidet loggar seg direkte på diskusjonen om kor vidt ein skal forstå personlegdomsforstyrringar som unike forstyrringar, eller som ei samling ulike dimensjonale trekk ved personlegdomen.

Upåliteleg sjølvrapportering

Kva er samanhengen mellom ulike instrument for vurdering av personlegdom, og korleis heng personlegdomstrekk saman med andre biologiske, emosjonelle, kognitive og psykisk helserelaterte faktorar? Dette ville Sandvik og kollegar sjå nærare på. For å måla psykopatiske trekk brukte dei fleire instrument.

Sjølvrapportering blei gjort med The Self-report Psychopathy Scale [SRP-III]. To kliniske mål blei utarbeidde på bakgrunn av eit djupneintervju og gjennomgang av arkivinformasjon (The Psychopathy Checklist – revised [PCL-R] og The Comprehensive Assessment of Psychopathic Personality – Institutional Rating Scale [CAPP-IRS]). I tillegg blei kognitive funksjonar målt gjennom databaserte utføringsoppgåver. På toppen av dette samla forskarane også inn ein del biologiske mål, som blod- og spyttprøver og hjartefrekvens.

Resultata viser at val av forskingsmetode kan ha mykje å seia. Sjølvrapporteringsskjema gjer til dømes at ein kan gå glipp av viktige poeng ved vurdering av personlegdom. Men det viktigaste funnet i doktorgradsarbeidet hans handlar altså om det lite eintydige psykopatiomgrepet.

Les heile artikkelen her: Psykopatidiagnosen gir lite meining (Tidsskrift for Norsk Psykologforening)