Skålvekt og dommerklubbe
Det finst juridiske fallgruver ved bruk av paragraf 3-3 i Psykisk helsevernlova. Foto: jgroup, iStockphoto

Det er eit stort sprik i bruk av tvang i dei psykiatriske institusjonane og kontrollkommisjonane i landet. Sett frå eitt juridisk synspunkt kan årsaka vere ulik tolking og bruk av psykisk helsevernlov.

M Hovland

Dette utgjer ein risiko for rettstryggleiken til pasientane.  Undersøkingar viser at det er stor skilnad mellom tal på vedtak som vert treft om tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova § 3-3, alt etter kor ein er i landet eller kva lege som er på vakt.

Dette trass i at lovvilkåra for å etablere tvungent psykisk helsevern er strenge, og at det er teke grep for å sikre rettstryggleiken til dei psykiatriske pasientane. Kontrollkommisjonar skal overprøve avgjerdene til den fagleg ansvarlege, og avgjerdene til kontrollkommisjonane kan bringast inn for domstolane etter tvistelova. Lova gjev retten kompetanse til å prøve alle sider av vedtaket og hurtig saksgang. I 2008 vart det lovfesta at retten skulle setjast med ein fagkyndig meddommar, noko som tidlegare var opp til retten sjølv å vurdere. Dette skulle styrke avgjerdene til retten i tvangssakar.

Dei aller fleste vedtak om tvungent psykisk helsevern vert likevel treft av fagleg ansvarleg på institusjonar omkring i landet. Desse er skulert i ei anna type tenking enn juristar. Skilnaden i praksis mellom kontrollkommisjonane tyder på at sjølv meir øvde juristar kan ha problem med heimelen. Psykisk helsevernlova § 3-3 inneheld eitt hovudvilkår. I tillegg lyt eitt av to tilleggsvilkår vere oppfylt for at ein person skal kunne verte underlagt tvungent psykisk helsevern. I det vidare vil eg vise til tre fallgruver som ligg klar ved bruk av paragrafen, med rettsbruksprosessen som utgangspunkt. Rettsbruksprosessen er eitt namn på juridisk metode og tenkemåte.

Les meir: Rettstryggleik for den psykisk sjuke (Tidsskrift for Den norske legeforening)