Mindfulness- meditasjon.Ill.foto: PamelaJoeMcFarlane, iStockphoto
Utmatting kan leie til søvn, men kanskje utan at kroppen kvilar, og alarmen går i draumeland. Ill.foto: PamelaJoeMcFarlane, iStockphoto

Pulsen aukar ved når ein legg seg ned, tankane rasar når det vert stille, rastløysa buldrar i einsemda. Å vere stille, å ligge stille, gjer at ein må kjenne.

Av Øystein Verås

Ein tvingast til å kjenne i kroppen, kjenne etter, og kroppen vil fortelje. Når det ein kjenner, er uro eller kaos, er det ikkje godt å falle til ro. Ein vert engsteleg. Det er vanskeleg det her. Å lytte til kroppen, lytte til våre eigne kjensler, lytte til våre eigne behov. Om vi ikkje lyttar undervegs i kvardagen, vil kroppen rope høgare når vi forsøkjer å falle til ro, og ein kan ynskje seg vekk frå det. Ubehaget hindrar kroppen i å roe ned. Vår emosjonelle kroppstilstand lever, sjølv om vi forsøkjer å falle til ro. Også i søvne har kroppen noko den vil fortelje. Utmatting kan sjølvsagt leie til søvn, men kanskje utan at kroppen kvilar, og alarmen går i draumeland. Om vi ikkje lyttar inn vårt indre, og kva kroppen vil fortelje oss, gir vi på eit vis frå oss kontrollen. Uroa, angsten, stresset og kroppsspenningane tek over, og innskrenkar vår kapasitet til å falle til ro, vår kapasitet til å regulere oss.

Det seiast at den yogastillinga som vekkjer mest i oss, er «død manns stilling», å ligge flat på ryggen. Kva skjer i oss når vi berre ligg på ei matte, stille, utan stimuli, i kontakt med vårt indre? Kva skjer når vi kjenner kontakt med eigen kropp mot matta, vår eigen kropp si tyngde mot grunnen, tyngda av vår eigen eksistens i vaken tilstand? Ein opnar for det som elles herskar i vårt ubevisste, og det tillèt kontakt. Ein kontakt som gjer at vi kan lytte til kva kroppen vil fortelje, kva vårt ubevisste vil fortelje. Ein kan overveldast av kontakt med sin eksistens, vår eigen skjøre veren. For det er slik det kjennast, at eg er skjør, at eg er sårbar, og det vil eg ikkje kjenne på.

Les meir: Å falle til ro (Tidsskrift for norsk psykologforening)