Porten på Gaustad sykehus
Studien viste ingen forskjell i antal opphaldsdøger med pasientstyrt innlegging. Ill.foto: Runar Eggen

Korleis verkar pasientstyrt innlegging på bruken av helsetenester i psykisk helsevern? Meir pasientautonomi er ei målsetting i psykisk helsevern.

Kan dette føre til mindre bruk av helsetenester? I ein ny norsk studie, publisert i Nordic Journal of Psychiatry, blei 54 pasientar randomisert til anten sjølv å kunne styre innlegging i sengepost eller til vanleg oppfølging. Dei fleste hadde anten diagnosen schizofreni eller bipolar liding, og alle hadde hatt mykje kontakt med psykisk helsevern.

Pasientstyrt innlegging fann stad på dagtid i vekedagane i inntil fem dagar, med ein pause på minst to veker mellom to innleggingar. Studien var ikkje blinda. Etter eitt år var det ingen skilnad i opphaldsdøger i sengepost. Talet på opphaldsdøger i intervensjonsgruppa fall frå 119 til 40 og i kontrollgruppa frå 55 til 33. Pasientane vart ikkje spurt om korleis dei sjølv opplevde tilbodet.

Les meir: Pasientstyrt innlegging i psykiatri (Tidsskrift for Den norske legeforening)