Ein ny term for pasienter med schizofreni må fylle fleire funksjonar. Ill.foto: Richardno, iStockphoto

Mange meiner at schizofrenitermen bør bytast ut, medan andre er meir skeptiske til eit namneskifte.

Av Helga Mannsåker

Men det er eitt aspekt ved medisinske fagtermar som begge sider ser ut til å oversjå: Ord har ikkje berre tydingsinnhald, dei har òg brukseigenskapar. Dei termane som er føreslegne som avløysartermar for schizofreni, er nok nøye gjennomtenkte innhaldsmessig, men dei er ikkje særleg språkleg fleksible.

Debatten om avskaffing av schizofrenitermen (eventuelt òg schizofreniomgrepet) går både nasjonalt og internasjonalt. I Sør-Korea, Japan, Hongkong og Taiwan har ein allereie bytt ut termen. Argumenta som vert nytta av dei som vil erstatte schizofreni med ein ny term, kan delast i to kategoriar.

Den eine argumentkategorien dreiar seg om informasjonsverdien til termen, dvs. korleis sjukdomstermen relaterer seg til sjukdomsfenomenet. Desse argumenta går ut på at termen schizofreni er fagleg upresis og misvisande fordi han ikkje lenger reflekterer den forståinga fagfeltet har av fenomenet som han gjev namn til.

Den andre argumentkategorien dreiar seg om konnotasjonane (assosiasjonane) til termen. Her finn vi argument som går ut på at termen schizofreni er belasta og belastande for høvesvis lekfolk og pasientar. Men éin argumentkategori ser ut til å mangle i debatten: språklege brukseigenskapar. Fagtermar varierer når det gjeld kor godt dei eignar seg som base for danning av nye ord og kva typar setningskonstruksjonar dei kan inngå i. Dette har konsekvensar for kor kortfatta og kor variert ein kan uttrykkje seg om det aktuelle emnet. Ideelt sett bør ein avløysarterm vere både dekkjande, ikkje-stigmatiserande og brukarvennleg – tre ulike kriterium som det ikkje utan vidare er lett å kombinere.

Les meir: Er schizofrenitermen moden for skraphaugen? (Tidsskrift for Den norske legeforening)