Kvinnelig psykolog med mannlig pasent
88 prosent av kommunane seier at dei oppnår måla med ordninga svært godt eller godt. Ill.foto: Colourbox.

Ordninga med tilskot til «Psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene» er ein suksess. – Dette er veldig gledeleg og viser at tilskotsordninga treffer eit behov i kommunane, seiar avdelingsdirektør Mette Garvoll i Helsedirektoratet.

Dette syner ein evaluering av ordninga, som SINTEF har utført på oppdrag frå Helsedirektoratet. Føremålet med ordninga er å rekruttere psykologar i kommunane for å styrke kompetansen og kvaliteten innan psykisk helse, rus, valds- og traumefeltet.

Tala viser at vi i 2018 gav tilskot til 550 psykologar i 311 kommunar og bydelar. I rapporteringa til Helsedirektoratet frå 2017 sa 88 prosent av kommunane at dei oppnår måla med ordninga svært godt eller godt i kommunen sin.

– Det er tydeleg at mange kommunar har jobba målretta og systematisk med å auke rekrutteringa. Samstundes ser vi at tilsette i samarbeidande tenester i stor grad er nøgde med den kompetansen psykologane tek med seg inn i kommunane, seiar Garvoll.

Les meir: Vellukka tilskotsordning (Helsedirektoratet)